Angst
Heile oppveksten min fortalte eg fort dei eg møtte på min veg at eg hadde angst for spy. Dei fleste flira. Da forstår eg for så vidt, for da e jo ikkje farlig. Men for meg; da har da vore den største frykten i verden.

Mange spør koffø eg e so redd for da. Systo mi hadde kraftig refluks. Da betyr at maten ofta kom opp igjen i full fart. Trulig har eg oppfatta desse situasjonene som skremmande og farlige. Eg følte nok at eg ikkje hadde kontroll øve da som skjedde, og at eg ikkje kunne bidra. Dermed blei spy for meg veldig farlig.
Gjennom årene hadde eg mange angstanfall. Eg kunne høyra rykte om at omgangssjuko gjekk på skulen, og eg blei livredd. Da va ikkje berre spysnakk som kunne trigga angsten min. Da kunne og ve lukta, lyda, bilde osv. som gav meg assosiasjona te tidligare opplevelsa. Eller at ein bil stod i ro ved vegkanten. Sikkert nåken som måtte kasta opp.
Angstanfall kan utarta seg ulikt frå person te person. Mine bestod av hjertebank, klamme hende, kroppen som skalv og svetta. Visst da va skikkelig ille tok kroppen fullstendig øvehånd og heile kroppen låg i krampe. Forferdelig. Få folk like å mysta kontrollen, vertfall ikkje eg som e ein adri so liten kontrollfreak.
Men eg følte eg hadde kontroll på angsten. Heile vegen. Heilt te eg ikkje hadde da lenger. Plutselig unngjekk eg helst å veme vennane mine. Eg ville ikkje ta T-banen, kunne gjerne gå av den halvveis på veg heim. Eg fekk panikkangst. Kor eg enn va, so såg eg meg rundt ette kor eg eventuelt kunne spy. Detta te tross for at eg meir eller mindre aldri har spydd sj