Eg hadde akkurat fullført mastergraden min på Norges idrettshøgskule, og blei dermed nødt til å finna meg ein annan plass å trena enn på og rundt NIH. Eg hadde då dei siste fem årene bidratt te å jogga stiane tydlige i Nordmarka, i tillegg te at eg jobba me hang ups rekorden min.
Eg meldte meg inn på Elixia colosseum, og sa te resepsjonisten at eg hadde plana om å prøva alle dei ulike timane dei hadde på timeplanen. Jivamukti yoga stod da at skulle begynna 16.30, klokko va 16.25. Yoga hadde eg aldri prøvd so då blei da da.
Eg blei blåst av banen. Hadde ingen tanka om yoga på forhånd, nåke som egentlig e rart i og med at eg nett hadde gått fem år på Norges idrettshøgskule. Karina heite læraren. Og ho introduserte Elixia gjengen for mykje greier på 90 minutt. Me song, og me stod på hendene. Me svetta, hjertene banka og energinivået va høgt. Me satt stille og mediterte, og me låg rett på rygg og slappa av.
Henning va og me. Me låg på bakerste rad. Me fortsatte å gå tre gonga i veko på denna timen, i et halvt år. Då fekk eg medlemsskap på Puro yoga, for Karina underviste her og. Eg blei veldig gla i detta studioet, og eg blei veldig gla i Karina.
Ette å ha gått fira måna på yogaen te Karina, meldte eg meg opp på teacher trainingen i Jivamutki yoga på Costa Rica. På heimasidene deirans stod da at dei anbefalte å ha hatt ein jevnlig praksis dei siste to årene. Men Karina råda meg te å søka likavel, ho meinte eg va klar. Eg fekk plass, og eg fullførte trainingen. Og sida den gong har eg undervist. Eg elske å undervisa yoga. Da brusa i blodet, hjerta pompe og eg blir glad og takknemlig når eg ser ka yoga gjer med dei som kjem på klassane.
Rekorden på hang upsene forblei 13. Ikkje verst spør du meg. Eg slutta å øva på da. Fekk ett heilt anna fokus. Eg ve sei at yogaen har gjort meg te ein bedre utgave av meg sjøl. Ka da innebære får bli et eget innlegg ;)
Comments